Mann dømd til elleve års fengsel for overgrep mot åtte jenter

Ein mann i 20-åra er i Møre og Romsdal tingrett dømd til elleve års fengsel for fleire overgrep mot unge jenter, mellom anna for to handlingar som blir på lik linje straffa med valdtekt.

Annonse

I begge desse tilfella var fornærma under 14 år, og mannen vart dømd etter straffelovens paragraf 300 «for å ha fått et barn under 14 år til å utføre handlingar som svarer til seksuell omgang med seg sjølv», og dette er altså juridisk likestilt med valdtekt.

Rettssaka vart halden i Møre og Romsdal tingrett i Molde i oktober og gjekk over ni dagar. Den tiltalte mannen erkjende straffskuld for alle punkt i tiltalen, skriv rbnett.no.

I tillegg til dei to valdtektene vart tiltalte dømde for fire andre overgrep der han fekk jenter til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølve og sende videoopptak av dette til han.

Mannen vart også dømd for eit tilfelle av seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år etter at han hadde samleie med ei jente.

I alle desse tilfella kom mannen i kontakt med jentene i sosiale medium, først og fremst Snapchat.

Mannen vart også dømd for å ha oppbevart mange bilete og videoar som seksualiserer barn.

(©NPK)

Annonse