Klargjør siden...
Annonse

Mann dømd til fengsel for 20 år gamle overgrep

Ein mann i Bergen, som no er i 50-åra, er dømt til tre år og ni månader i fengsel for å ha forgripe seg på nabojenta fleire gonger mellom 1997 og 2001.

Mannen var då i 30-åra, medan nabojenta var i alderen 4–5 til 7–8 år, ifølgje dommen frå Gulating lagmannsrett, skriv Bergens Tidende.

Saman med den dåverande sambuaren sin, var mannen mellom anna på feriar med familien til jenta.

Den fornærma i saka fortalde først om overgrepa i ein samtale med ein terapeut hos Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk då ho var 13 år gammal, men saka vart ikkje meld den gongen. Kvinna melde derimot sjølv mannen i 2017.

Politiet fann ulovlege bilete av barn på mobiltelefonen til mannen i desember 2018, bilete mannen hevda var der fordi mobilen hadde vorte hacka. Dette trudde ikkje retten på.

Kvinna har i etterkant fått diagnosen posttraumatisk stressliding og slit mellom anna med konsentrasjonsvanskar og søvnproblem.

I tillegg til fengselsdommen er mannen dømd til å betale kvinna fire millionar kroner i erstatning.

– Vi skal gå gjennom dommen og vurdere om den skal ankast, seier forsvararen til mannen Kent Fredriksen til BT.

(©NPK)

Gulating lagmannsrett. Arkivfoto: Marit Hommedal / NTB