Mann døydde etter fall frå blokk i Bergen

(NPK-NTB): Den 23 år gamle mannen som fall frå tredje etasje i ei blokk i Bergen 17. mai, døydde av skadane.

Det opplyser Haukeland universitetssjukehus torsdag formiddag.

Mannen vart frakta til sjukehus med kritiske skadar etter ulykka. Politiet opplyste då at mannen skal ha gløymt nøklane til leilegheita si og derfor klatra opp til balkongen i tredje etasje for å sjå om verandadøra var open. Då han var på veg ned igjen, fall han, ifølgje politiet. (©NPK)