Mann gripen etter kyrkjebrann i Vestnes

(NPK-NTB): Politiet i Møre og Romsdal har gripe ein mann i 30-åra som dei meiner tente på Fiksdal kyrkje i Vestnes kommune onsdag kveld.

– Vi føler oss sikre på at vi har gripe rett mann, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Han forklarar at sporsøk med politihund og taktiske og tekniske undersøkingar førte til arrestasjonen av mannen i 30-åra. Men han vil ikkje avsløre kva funn som er gjort.

– Vi har gjort forskjellige funn. Vi har også snakka med fleire vitne og henta inn informasjon. Og vi vil svært gjerne komme i kontakt med andre som kan ha informasjon, seier Ødegård.

– Kyrkja har fått ein del utvendige skader, men det skal ikkje vere nokon større skadar innvendig, seier Ødegård.

Han vil ikkje kommentere opplysningane om at det er funne ei bensinkanne utanfor kyrkja, noko Sunnmørsposten får bekrefta av både brannvesenet og kyrkjeverje Olav Egil Tomren.

Fleire folk frå nærområdet dreiv sløkking på eiga hand før brannvesenet kom til staden.

– Eg har inntrykk av at dei gjorde ein god jobb med å halde brannen nede fram til vi kom til staden, seier brannmeister Nils Bjerknes til NTB.

Nesten 40 brannfolk frå Vestnes, Vatne og Tomrefjord deltok i arbeidet med å sløkke kyrkjebrannen. Fleire folk på staden bar ting ut av kyrkja i håp om å berge inventaret, og kyrkjeverje Tomren bekreftar at verdigjenstandar frå kyrkja vart frakta i sikkerheit. (©NPK)

Annonse