Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ein mann i 40-åra frå Sogn og Fjordane er sikta for å inneha overgrepsmateriale og for å ha utvist seksuelt krenkande åtferd mot barn.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/beate.haugtro@npk.no
Publisert: 02.12.2019 kl 17:35
Mannen vart varetektsfengsla i fire veker 9. november, ifølgje Fjordenes Tidende. Fengslinga vart grunngitt med fare for bevisforspilling.
Den seksuelt krenkande åtferda som mannen er sikta for, skal ha føregått over internett, forklarer politiadvokat Kristine Knutsen-Berge i Vest politidistrikt til avisa. Ho opplyser at politiet etterforskar saka breitt og undersøker om det er fleire fornærma.
– Det er beslaglagt datamateriale og vi har starta gjennomgang av dette. Dette arbeidet er ikkje ferdig og vil halde fram i tida framover, seier Knutsen-Berge.
(©NPK)