Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Aktor ber om fengsel i to og eit halvt år for ein mann i sekstiåra som er sikta for seksuell omgang med kyr og kalvar på to gardar i Bergen over mange år.
npk@npk.no
Publisert: 08.09.2016 kl 17:03
Bergen tingrett behandla saka som ei tilståingssak torsdag og lukka dørene etter ønske frå forsvararen, skriv Bergens Tidende.
Ifølgje ei tidlegare rettsavgjerd i saka er mannen tatt med over 2,2 millionar overgrepsbilete, som mellom anna viser overgrep mot spedbarn. Politiet har òg tatt beslag i nesten 3.500 filmar med ulovleg innhald.
Aktor, politiadvokat Sven Arne Dahl-Michaelsen, opplyser at overgrepa mot dyr skjedde mellom 2001 og 2009 og frå 2010 til 2015. Mannen har vedgått forholda han er sikta for. (©NPK)