Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ein mann (24) som vart flogen til sjukehus etter ei paragliderulykke ved Unnelandstoppen i Arna utanfor Bergen, er lettare skadd.
npk@npk.no
Publisert: 07.03.2016 kl 19:41
Sist oppdatert: 08.03.2016 kl 07:38
Det opplyser Haukeland universitetssjukehus.
Politiet rykte ut måndag klokka 18.35 etter at AMK var blitt kontakta av kameraten til den skadde mannen. Ulykka skjedde i eit populært område for paragliding i nærleiken av Slettegga ved Unneland.
Luftambulansen hadde ein periode problem med å komme fram til den skadde. Ei alpin redningsgruppe på tre personar vart frakta opp på fjellet av luftambulanse, og dei tok seg fram til mannen til fots.
Det var ein periode usikkert kor hardt skadd 24-åringen var. Mannen hadde store smerter i ryggen, men måndag kveld vart det klart at han kom frå ulykka med lettare skadar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.