Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ein mann og ei kvinne omkom måndag kveld i ei møteulykke mellom ein personbil og eit vogntog på E134 ved avkøyringa til Darbu i Øvre Eiker i Buskerud.
npk@npk.no
Publisert: 19.01.2016 kl 07:11
Sist oppdatert: 19.01.2016 kl 08:30
– Eit vogntog har kollidert med ein personbil. Det er bekrefta to døde menneske. Dei sat i personbilen, seier operasjonsleiar Tore Nuven i Sør-Øst politidistrikt til NTB.
Dei to personane er identifiserte, og politiet jobba tysdag morgon med å informere dei pårørande, skriv Drammens Tidende.
– Føraren av vogntoget er uskadd, men sjølvsagt sterkt prega. Han vart teken hand om av ambulansepersonell, seier Nuven til avisa.
Ulykka skjedde rundt klokka 23 måndag kveld. E134 var stengt til tidleg tysdag morgon. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.