Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Politiet i Finnmark har sett i gang ein leiteaksjon etter ein Hammerfest-mann i 50-åra. Snøscooteren mannen køyrde vart funnen i sjøen onsdag formiddag.
npk@npk.no
Publisert: 20.01.2016 kl 11:42
Politiet fekk melding om at mannen var sakna like før midnatt tysdag kveld. Mannen var på hytta i Porsa i Kvalsund kommune, og familien melde han sakna etter at dei ikkje hadde høyrt frå han sidan laurdag.
– Den sakna var sist i kontakt med dei pårørande laurdag ettermiddag per telefon. Sidan har ingen høyrt frå han, opplyser operasjonsleiar Sverre Andre Opdahl i Finnmark politidistrikt til NTB.
– Scooteren vart funnen i 10-tida, mellom Saraby og Porsa, like ved land. Vi er usikre på kva som er skjedd her, seier operasjonsleiaren.
Ein innsatsleiar frå politiet er ute og styrer innsatsen på staden saman med mannskap frå Hammerfest brann- og redning, Røde Kors Hjelpekorps Hammerfest, og redningshundar er på veg frå Alta.
Operasjonsleiaren ber folk som har sett ein snøscooter køyre langs vegen mellom Saraby og Porsa mellom laurdag kveld og tysdag, om å kontakte politiet. (©NPK)