Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Det er sett i gang ein leiteaksjon ved Preikestolen i Rogaland. Ein 41 år gammal sveitsisk mann har vore sakna sidan onsdag ettermiddag.
vaktsjef@ntb.no/bent.tandstad@npk.no
Publisert: 25.11.2021 kl 13:47
Politiet, frivillige, politihund og redningshelikopteret SAR Queen deltek i leiteaksjonen, som har utgangspunkt i området rundt Preikestolen i Strand i Rogaland, opplyser Sørvest politidistrikt.
Dei ser ikkje bort frå at den sakna mannen er andre stader i kommunen.
– Ein 41 år gammal sveitsisk statsborgar har vore sakna sidan i går ettermiddag. Bilen hans er lokalisert på P-plass ved Preikestolen, skriv politiet på Twitter torsdag.
(©NPK)