Annonse

Mann sikta for brannstifting og fridomsrøving

(NPK-NTB): Ein rogalending i 40-åra er sikta for å ha sett fyr på sin eigen bustad og for fridomsrøving av ei kvinne i nyttårshelga. No er han varetektsfengsla i to veker.

Mannen er sikta for to tilfelle av brannstifting på Midjord i Stavanger nyttårsaftan og 1. nyttårsdag, og for fleire tilfelle av truslar, vald og fridomsrøving, ifølgje Stavanger Aftenblad

Han skal ha sett fyr på sin egen bustad og heldt kvinna innandørs mot sin vilje. Mannen og den jamaldra kvinna måtte få behandling for røykskadar.

I tillegg er vedkommande sikta for brannstifting i eitt av nabohusa. Denne brannen blei oppdaga tilfeldig av ein patrulje frå brannvesenet. (©NPK)