Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ein mann er flogen til sjukehus etter at han fekk eit vådeskot frå ei jaktrifle gjennom foten i Samnanger kommune i Hordaland.
npk@npk.no
Publisert: 25.05.2016 kl 20:23
Meldinga om saka, som skjedde i kommunesenteret Tysse, kom klokka 19.05 onsdag, ifølgje politiet i Hordaland. Den skadde er 26 år gammal.
Det var to involverte – far og son, opplyser operasjonsleiar Morten Kronen til NTB.
– Det har skjedd då faren skulle vise sonen ei jaktrifle. Sonen er bevisst. Han har store skadar i foten, fortel operasjonsleiar.
Den skadde mannen er flogen til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.