Klargjør siden...

Mann skoten og drepen av politi i Sverige

(NPK-NTB-TT): Ein mann i 40-åra er død etter at han vart skoten av politiet i Viksjö, nord for Stockholm. Hendinga var den andre politiskytinga i landet same kveld.

Mannen skal ifølgje vitne ha trua med ein pistolliknande gjenstand. Politiet losna skot som trefte mannen. Han vart sendt til sjukehus med alvorlege skadar torsdag kveld, og døydde seinare av skadane.

– Det oppstod ein situasjon, dersom ikkje hadde politiet ikkje skote mot mannen, seier talskvinne Carina Skagerlind ved politiet i Stockholm til nyheitsbyrået TT.

Tidlegare på kvelden vart ein 65 år gammal mann skoten av politiet i Timrå. Han angreip politiet før han vart skoten. 65-åringen er innlagt på sjukehus med alvorlege skadar. (©NPK)

Annonse