Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AFP): Mannen som drap naboane sine, eit politiektepar, utanfor Paris måndag kveld, var tidlegare dømt for å ha delteke i terrorførebuingar.
npk@npk.no
Publisert: 14.06.2016 kl 08:25
25-åringen vart i 2013 dømt til fengsel i tre år for å ha delteke i førebuingar til ei mogleg terrorhandling i Pakistan, melder BFMTV.
Larossi Abballa vart skoten og drepen av fransk politi i Yvelines utanfor Paris etter at han først hadde knivdrepe nabomannen som var polititenestemann. Angriparen forskansa seg så i bustaden til ekteparet. Der var ektefella til den drepne mannen, som også arbeidde i politiet, seinare funnen drepen. Barnet til ekteparet, ein liten gut, vart funnen uskadd etter aksjonen.
Ifølgje politiet sa mannen at han hadde tilknyting til ekstremistgruppa IS. (©NPK)