Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ein 50 år gammal mann er sendt til Haugesund sjukehus etter å ha vorte knivstukken i ei leilegheit i Haugesund. Ein 48 år gammal mann er gripen i saka.
npk@npk.no
Publisert: 05.01.2016 kl 07:21
Politiet fekk melding om hendinga klokka 23.09 måndag kveld.
– Fornærma er påført skadar med ein kniv eller ein gjenstand som er i samsvar med kniv. Han er ikkje livstruande skadd, seier operasjonsleiar Trond Friberg i Sørvest politidistrikt til NTB.
Han omtalar dei involverte som kjende av politiet, og seier at dei høyrer til eit belasta miljø.
– Vi kjenner ikkje årsaka til hendinga, men det skjedde i ei leilegheit i Haugesund der både fornærma og mistenkte var til stades, seier Friberg.
Politiet har gjort tekniske undersøkingar på staden, og har tatt beslag i fleire knivar. Dei fann også to knivar på sikta da han vart gripen. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.