Klargjør siden...

Mann tiltalt for drapsforsøk etter knivstikking i Os

(NPK-NTB): Ein 29 år gammal mann er tiltalt for drapsforsøk i psykotisk tilstand etter at han knivstakk ein kvinneleg kollega på jobb i desember i fjor.

Ifølgje tiltalen vil det bli lagt ned påstand om at mannen blir dømt til tvunge psykisk helsevern, skriv Bergensavisen.

Det var 16. desember i fjor at mannen knivstakk den 44 år gamle kvinnelege kollegaen i lokala til bedrifta Compact på Søfteland i Os kommune.

Kvinna vart innlagt på Haukeland sjukehus med alvorlege skader etter å ha blitt stukken éin gong i brystet, to gonger i ryggen og ein gong på baksida av skuldra.

Mannen har sete i varetekt sidan i fjor, men har heile tida vore innlagt på Sandviken sjukehus. (©NPK)

Annonse