Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ein 40 år gammal mann er tiltalt for å ha sendt drapstruslar på e-post til sjefredaktøren i Bergens Tidende.
Publisert: 24.11.2022 kl 14:30
I ein e-post mannen skal ha sendt til redaktøren 16. mai i år, står det mellom anna at viss han nokon gong får tak i henne, så skal han drepe henne og ta henne med til den andre sida av livet.
– Eg er veldig glad for at politiet no tek truslar mot journalistar på alvor, seier sjefredaktør Frøy Gudbrandsen til Bergens Tidende.
Statsadvokat Kristine Herrebrøden ved Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembete understrekar at påtalemakta tek saka alvorleg.
– Han har trua ein sjefredaktør med drap. Det er eit forhold som kan forståast som eit angrep på den frie pressa, seier ho.
Det er ikkje kjent korleis mannen stiller seg til skuldingane.
(©NPK)
Ein 40 år gammal mann er tiltalt for drapstruslar mot sjefredaktøren i Bergens Tidende. Saka skal opp for Hordaland tingrett 28. mars. Foto: Bjørnar Morønning / NTB