Klargjør siden...

Mannsoverskot i Sverige

(NPK-NTB-AP): For første gong på over eit kvart tusenår er det fleire menn enn kvinner i Sverige. I Noreg tok mennene igjen kvinnene i 2011.

Det er ikkje mogleg å fastslå om det er første gong i historia at mennene er i fleirtal på den andre sida av grensa, men det er første gong det skjer sidan ein begynte å føre statistikk i 1749.

I mars 2015 var det 277 fleire menn enn kvinner i Sverige. Sidan det har «forspranget» auka til 12.000, og befolkningsekspert Tomas Johansson ved Sveriges statistiske sentralbyrå seier det ikkje er urimeleg å anta at mannsoverskotet kan bli endå større.

Trass i at det blir fødd 105 gutebabyar per 100 jentebabyar, har høgare levealder blant kvinner ført til at dei har vore i fleirtal i Europa. Mens kvinnene er forventa å vere i fleirtal i det meste av Europa i dei næraste tiåra, er det omtrent full «likestilling» i Danmark og Sveits, mens Noreg altså gjekk frå mannsunderskot til mannsoverskot fire år før svenskane.

Både migrasjon og endring i forventa levealder blir trekt fram som faktorar som kan påverke kjønnsbalansen i befolkninga. (©NPK)

Annonse