Maren Lundby sette bakkerekord i Planica – 139,5 meter

Maren Lundby leverte eit kjempehopp i første omgang i storbakkerennet for kvinner i Planica og sette bakkerekord i Planica med 139,5 meter.

Ho var djup i nedslaget, og TV- bileta tydd på at ho var nedi med handa, men dommarane registrerte det som eit ståande hopp, og ho tok ei overlegen leiing med startnummer 15.

Det er 25 hopparar igjen i første omgang, blant dei alle dei høgast rangerte.

Ein gjekk ned ein avsats på farten før Lundby sette utfor, på grunn av gunstigare vindforhold. Etter hoppet hennar gjekk ein ned endå ein avsats.

(©NPK)