Annonse

Maria Sjarapova legg opp

Tennisstjerna Maria Sjarapova har bestemt seg for å avslutte sin innhaldsrike tenniskarriere.

Den russiske tennisprofilen kom med kunngjeringa i eit intervju med magasina Vogue og Vanity Fair.

– Tennis, eg seier farvel, seier Sjarapova.

– Etter 28 år og fem Grand Slam-titlar er eg klar for å klatre eit nytt fjell og å konkurrere i eit anna terreng, legg ho til.

Sjarapova har i ei årrekkje vore ein av dei mest berømte profilane i tennissporten.

(©NPK)

Maria Sjarapova gir seg. Foto: Jussi Nukari / Lehtikuva / NTB scanpix