Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-AFP): Nesten kvar tiande vaksne amerikanar røykjer marihuana regelmessig, eit tal som er dobla dei siste ti åra. Ekspertar er uroa over utviklinga.
npk@npk.no
Publisert: 22.10.2015 kl 08:07
Forskarar ved USAs nasjonale institutt for alkoholmisbruk (NIAAA) seier at både lovene og haldningane til hasj og marihuana er blitt meir avslappa i den same perioden. Dei meiner at den auka marihuanabruken fører til meir misbruk og avhengnad.
– Våre undersøkingar viser at bruken av marihuana i USA har stige raskt det siste tiåret. Omtrent tre av ti brukarar blir kategorisert som avhengige, seier NIAAA-direktør George Koob.
– Med tanke på denne auken er det viktig at fagmiljøa gir folk informasjon om dei potensielle skadeverknadane ved bruken, legg han til.
Forskarane har samla inn tal frå 2012 og 2013 og fann ut at 9,5 prosent av dei vaksne bebuarane i USA røykjer marihuana. Det er ein kraftig auke frå 4,1 prosent i 2001 og 2002.
Medisinsk marihuana er lov i 23 amerikanske statar, mens fire statar godkjenner bruk av marihuana til rekreasjonsføremål. (©NPK)