Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Elleve norske marinefartøy får no kryssarmissil som kan angripe mål over 200 kilometer inn på land.
npk@npk.no
Publisert: 31.05.2016 kl 07:39
Dermed får det norske Forsvaret for første gong – og som eitt av svært få land i verda – mellomdistanse kryssarraketter som kan skytast frå skip, som ein del av våpenarsenalet, skriv VG. Oppgraderinga skjer denne veka.
– Dette aukar våre samla militære kapasitetar betrakteleg. No er den norske marinen i stand til å angripe mål på land, med eit våpensystem som har lang rekkevidde og høg presisjon, seier informasjonssjef i Sjøforsvaret kommandørkaptein Per Rostad.
Det er ei vidareutvikling av dei såkalla NSM-missila som gjer at dei no kan treffe mål fleire hundre kilometer inne på land. Missila er utvikla og bygde av Kongsberg Defence & Aerospace saman med Forsvaret. (©NPK)