Klargjør siden...

Mariupol-evakuering held fram

Evakueringa av sivile i den beleira hamnebyen Mariupol skal gjennomførast også tysdag, ifølgje byrådet.

Evakueringa startar tysdag morgon med bistand frå FN og Røde Kors, heiter det i ei melding frå kanalen til Mariupol-byrådet i meldingstenesta Telegram.

Kolonnen skal rett nok ikkje starte i Mariupol, men ved ei rundkøyring nær den russiskokkuperte byen Berdjansk vest for Mariupol, melder CNN.

Måndag forlét ein kolonne med om lag 100 sivile ukrainarar frå Mariupol, med retning mot Zaporizjzja, men stoppa seinare på dagen opp. Årsaka til stansen var uklar, ifølgje Reuters. Men natt til tysdag skreiv The Guardian, og viste til ei fråsegn frå ukrainsk militærpoliti, at kolonnen var framme i Zaporizjzja i god behald.

Anslag går ut på at nærare 200 sivile framleis er i bunkerane på stålverket Azovstal i Mariupol.

(©NPK)

Andrij Fedorov klemmer sin son Makar idet dei er gjenforent på eit mottakssenter i Zaporizjzja måndag. Makar og mora Darija Fedora hadde flykta frå Mariupol. Foto: Francisco Seco / AP / NTB

Annonse