Klargjør siden...

Markant oppgang på Oslo Børs

(NPK-NTB): Hovudindeksen på Oslo Børs opna svakt, men henta seg inn og klatra jamt og trutt gjennom tysdagen. Då børsen stengde, hadde indeksen stige med 0,92 prosent til 618,02 poeng.

Oslo følgde dermed dei tonegivande børsane i Europa oppover tysdag, etter ein nøytral vekestart dagen før. Børsane i London, Frankfurt og Paris var opp høvesvis 0,72, 1,1 og 0,95 prosent.

Marine Harvest var mest omsett tysdag. Oppdrettsgiganten, der John Fredriksen er største eigar, enda dagen opp solide 1,53 prosent. Nummer to på omsetningslista, Statoil, trekte børsen i motsett retning med ein kursnedgang på 0,23 prosent.

Oppdrettsselskapet Bakkafrost vart dagens vinnar med ein solid verdiauke på 6,84 prosent, trass i at selskapet skuffa marknaden med kvartalspresentasjonen tysdag. Det er dei optimistiske framtidsprognosane som gjer selskapet attraktivt, ifølgje E24.

Eit fat nordsjøolje vart tysdag formiddag omsett for 48,85 dollar. Før handelsdagen var omme steig prisen til 49,9 dollar fatet. (©NPK)

Annonse