Marokko-drapsmenn dømte til døden

Dei tre hovudgjerningsmennene bak drapa på norske Maren Ueland og danske Louisa Vesterager Jespersen i Marokko, er dømte til døden.

Det melder Danmarks Radio torsdag ettermiddag. Ein fjerde mann er dømt til livstid i fengsel, ifølgje NRK.

Det var venta at mennene kunne bli dømt til døden, men Marokko har ikkje avretta nokon sidan 1993.

Det er førebels uvisst om dei dømte kjem til å anke dommen. Ankefristen er på ti dagar.

Maren Ueland (28) frå Bryne og hennar danske studievenninne Louisa Vesterager Jespersen (24) vart drepne i nærleiken av Imlil i Atlasfjella i desember i fjor. I alt 24 menn står tiltalte etter drapa, i rettssaka som har gått i terrordomstolen i Salé i Marokko.

Familiane til dei to kvinnene har fremma erstatningskrav på høvesvis 1,4 og 9 millionar norske kroner til marokkanske styresmakter.

Maren Ueland og Louisa Vesterager Jespersen vart drepne i Marokko i desember i fjor. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix.