Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ishockeyspelaren Andreas Martinsen er ferdig i Lillehammer og har vorte samd med Vålerenga om kontrakt.
Publisert: 02.01.2023 kl 10:24
Landslagsspelar Andreas Martinsen vart presentert på ein pressekonferanse måndag saman med hovudtrenar Fredrik Andersson og representant frå sportsleg utval Anders Myrvold.
Martinsen kjem frå eit Lillehammer-lag i økonomisk krise. Fredag uttalte landslagsvingen at klubben var nøydd til å stille fri spelarar for å hindre konkurs.
Martinsen spelte sin førebels siste kamp i Lillehammer-drakta i nabooppgjeret mot Storhamar 30. desember, men no er det Vålerengas iskrigarar som gjeld.
Martinsen har tidlegare spelt for klubbar som Lillehammer, Leksand, Düsseldorfer, San Antonio Rampage, Colorado Avalanche, Rockford IceHogs, Chicago Blackhawks, San Diego Gulls, Wilkes-Barre og Zug.
32-åringen har notert seg med 66 kampar for det norske A-landslaget.
Allereie torsdag møtest Martinsens tidlegare klubb Lillehammer og Vålerenga.
(©NPK)
Andreas Martinsen er klar for Vålerenga ishockey. Foto: Beate Oma Dahle / NTB