Martusciello for Empoli

(NPK-NTB-AFP): Giovanni Martusciello er tilsett som trenar i den italienske serie A-klubben Empoli.

44-åringen har vore assistent under tre siste trenarane i klubben og ein del av trenarapparatet i 10 år.

Empoli avslutta denne sesongen på 10.-plass.

Martusciello tek over etter Marco Giampaolo, som berre fekk éin sesong som trenar i Empoli.

I si tid spilte Martusciello på Empolis midtbane, og i to sesongar (1995/1996 og 1996/1997 rykka klubben opp to divisjonar og inn i serie A. (©NPK)

Annonse