Annonse
Annonse

Maskerte menn fyrte av skot under trusselsituasjon i Stavanger

Fleire personar vart trua med våpen på ei privatadresse i Stavanger. Eit skot vart fyrt av, men ingen personar er fysisk skadd.

Annonse
Annonse

– Det var ikkje eit farleg skot. Gjerningspersonane er på frifot, men folk i området treng ikkje å vere redde. Det er ei vond oppleving for dei fornærma i saka å bli konfronterte på den måten av to maskerte menn, seier innsatsleiar Stein Torjussen i Sørvest politidistrikt til NRK.

Skota vart fyrte av innandørs, seier operasjonsleiar Olaug Bjørnsen til Stavanger Aftenblad.

Væpna politi kom fredag morgon til ei adresse i Storhaug bydel etter melding om ein truande situasjon.

– Fleire bebuarar er trua med våpen. Ingen er skadde. Dei mistenkte har stukke frå staden, skreiv Sørvest politidistrikt på Twitter ved 8.30-tida.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 7.28 fredag morgon. Meldinga kom frå ein nabo, ifølgje Aftenbladet.

Avisa skriv at ein mann i 30-åra og ei kvinne i 20-åra vart trua med våpen.

– Denne situasjonen verkar ikkje som tilfeldig. Det er ikkje folk flest som har dukka opp og trua nokon med våpen. Vi har ein indikasjon på kven dei mistenkte er, men vil få stadfesta eller avkrefta dette i avhøyr, seier operasjonsleiaren til avisa.

I ei pressemelding skriv politiadvokat Erik Engløkk at begge dei fornærma er avhøyrde. Så langt er det ingen mistenkt i saka.

Annonse