Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Massasjeforeiningane ber politiet om hjelp til å bli kvitt useriøse aktørar som tilbyr seksuelle tenester.
npk@npk.no
Publisert: 09.11.2015 kl 07:20
Leiar i Norsk Massasjeforening Kjetil Prestsæter hevdar mange bordellar kamuflerer tenestene sine som massasje og dermed bidreg til å gi eit dårleg rykte også til dei som driv med seriøs behandling.
– Vi skulle gjerne sett at politiet jobba meir aktivt for å rydde opp i den delen av bransjen som sel sex, fordi det er veldig øydeleggjande for våre medlemmer, seier Prestesæter til VG.
Han får støtte av Anders Jensen, leiar i Norges Massasjeforbund.
– Eg trur ikkje det er mykje ressursar dei brukar på denne problematikken, seier han.
Politiførstebetjent Rune Swahn ved seksjon for organisert kriminalitet ved Oslo politidistrikt har sagt til avisa at det kan bli aktuelt å auke innsatsen mot desse bordellane, men understrekar at dei har avgrensa med ressursar.
– Vi må prioritere ut ifrå dei ressursane vi har, og for oss veg menneskehandel tyngst fordi det er det grovaste brotet på menneskerettane, seier Swahn.
VG har tidlegare skrive om seriøse massasjetilbydarar som opplever ubehagelege oppringingar og uønskte førespurnadar frå kundar som vil kjøpe seksuelle tenester. (©NPK)