Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): I konflikten mellom jordvern og utbygging i sentrale strøk kan jordflytting vere ei løysing, fastslår NMBU-student Torhild Narvestad Anda i ei masteroppgåve.
npk@npk.no
Publisert: 22.08.2016 kl 13:20
I masteroppgåva ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har Anda dokumentert korleis jordflytting kan fungere i praksis.
Ho har sett nærare på jordareal som vart flytta i samband med omlegginga av dåverande E76, no fylkesveg 283, i Nedre Eiker i Buskerud i 1981, og samanlikna denne jorda med opphavleg jordsmonn i direkte tilknyting, blant anna gjennom beskriving av jordprofilar.
Resultata av jordflyttinga viser at areala med flytta jordsmonn vart produktive og på nivå med referansejord som har vore dyrka på vanleg måte i lang tid, fastslår Anda i masteroppgåva.
Jordflytting er aktuelt ikkje minst fordi det inngår i reguleringsplanane for utbygginga av E18 gjennom Ås og Ski kommunar i Akershus. Statens vegvesen skal erstatte 100 prosent av all dyrka jord som blir lagt beslag på som følgje av den vedtatte utbygginga. I samband med ei mogleg utbygging av eit IKEA-varehus på dyrka jord i Vestby kommune er jordflytting også aktuelt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.