Klargjør siden...
Annonse

Matador-forfattar Lise Nørgaard er død, 105 år gammal

Den danske journalisten, redaktøren og forfattaren Lise Nørgaard, som mellom anna stod bak «Matador», døydde søndag, opplyser familien. Ho vart 105 år gammal.

Nørgaard jobba i både aviser og vekeblad, men er nok for mange mest kjende som kvinna bak TV-serien «Matador». Den klassiske serien som fortel om dansk samfunnsutvikling på 1930- og 1940-talet ved å portrettere småbyen Korsbæk, er ein klassikar i både Danmark og Noreg.

«Matador» er ein av dei største TV-suksessane nokosinne og har vorte ein del av dansk kulturkanon.

Forfattaren vart fødd Elise Jensen i Roskilde i 1917. Ho var gift to gonger og fekk fire barn.

Familien hennar opplyser at ho døydde seint søndag kveld etter ein kort sjukdomsperiode.

– Vi har alle nytt godt av kjærleiken hennar, livserfaring, kloke råd og positive og humoristiske haldning til livet. Vi er takksame for å ha fått lov til å ha henne i liva våre så lenge, og ho lèt etter seg seg eit stort sakn, heiter det i ei fråsegn frå familien.

Lise Nørgaard skal bisetjast frå St. Pauls kyrkje i København.

(©NPK)

Annonse