Annonse
Annonse

Matlary meiner tida for opne grenser er forbi

(NPK-NTB): Janne Haaland Matlary, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, meiner tida for opne grenser i Europa er over. Europa må skaffe seg kontroll over kven som er på eige territorium, meiner ho.

Annonse

– Eg trur at det no må bli ein bråstopp i migrasjon og at kvart land må stengje eigne grenser, sidan Schengen-grensa ikkje er under kontroll, skriv Matlary i Dagens Næringsliv onsdag.

Åtaka på Paris betyr at migrasjons- og flyktningpolitikken no må vike plassen for nasjonal tryggingspolitikk. Regjeringa i dei ulike landa har sikkerheit for eigne borgarar og for eige territorium som første prioritet – alltid. Utan sikkerheit har vi ingenting. Ikkje noko samfunn, ingen fridom, ikkje demokrati, meiner professoren.

– Dette er ein unntakstilstand som vil vare ei god stund, og vi må rekne med fleire angrep. Nasjonal og vestleg solidaritet og motstandskraft blir vesentleg framover, skriv ho og peiker på at overvaking krev masse innsats og at om politiet skal lykkast med det, kan ikkje eit land ta inn store mengder asylsøkjarar samtidig.

– Politikarane er nøydde til å sjå migrasjonsstraumen frå Syria i samanheng med sikkerheit, og tryggleiken må bli prioritert. Det liker dei ikkje, for motkreftene frå frivillige organisasjonar og menneskerettsaktivistar er stor.

– Men den første menneskerett er retten til liv. Har ein ikkje fysisk sikkerheit for eige liv, har ein ingen andre rettar. Og ei regjering skal først og fremst sikre sine egne borgarars rett til liv. (©NPK)