Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Mattilsynet opphevar forbodet mot å omsetja eit parti på 200 tonn av sjokoladepålegget Nugatti, trass i at det er brukt hasselnøttpasta som er ulovleg innført frå Tyrkia.
npk@npk.no
Publisert: 09.06.2016 kl 16:31
I april blei det kjent at Mattilsynet kravde at sjokoladepålegget måtte kastast, fordi partiet med nøttepasta ikkje blei framstilt for kontroll hos Mattilsynet då det kom til Noreg. Orkla Foods klaga på vedtaket, og meinte kravet om kasting var ein overreaksjon.
No trekkjer Mattilsynet kravet om at til saman 500.000 Nugatti-boksar må destruerast, mellom anna fordi klagebehandlinga har avdekt at nøttepastaen blei kontrollert på grensa til EU. I tillegg er det teke prøvar av nøttepastaen i Tyrkia, og Orkla Foods har sjølv testa det ferdige produktet i Noreg.
– Orkla har brote importregelverket på fleire punkt, noko vi ser alvorleg på. Orkla har ansvar for at denne typen varer skal framstillast for grensekontroll og dei må syta for at alle dokument som viser at vara er trygg, følgjer med. Ved fleire brot vil ikkje Mattilsynet nødvendigvis vera like fleksibel, seier direktør i Mattilsynet, Elisabeth Wilmann. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.