Annonse

May vil åtvare Parlamentet mot ei ny folkerøysting

Storbritannias statsminister Theresa May vil måndag åtvare Parlamentet mot å støtte ei ny EU- folkerøysting.

Ei ny avstemming vil ifølgje May føre til «uoppretteleg skade på britisk politikk», kjem det fram i ein delvis offentleggjord tale.

- La oss ikkje bryte tillita det britiske folket har til oss ved å halde ei ny avstemming, er ho venta å seie til parlamentsmedlemmer, ifølgje utdrag frå talen som er offentleggjort av Downing Street.

Søndag gjekk May hardt ut mot tidlegare statsminister Tony Blair, som ønsker ei ny avstemming. Ho omtalte Blairs utsegner som «ei fornærming mot det embetet han ein gong hadde».

Theresa May har utsett avstemminga om utmeldingsavtalen med EU i Parlamentet til over nyåret. Fredag sa den britiske statsministeren at ho ønsker draghjelp frå EU for å få gjennomslag i Parlamentet for avtalen.

Denne veka vil May bli presentert krav frå fleire ministrar om vegen vidare. Ifølgje The Times er det fleire ministrar som ønsker ei ny avstemming.

(©NPK)

Ei ny avstemming vil ifølgje May føre til «uoppretteleg skade på britisk politikk», kjem det fram i ein delvis offentleggjort tale. Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB scanpix