Annonse

Mays regjering førebur seg på brexit utan avtale

Uvisse knytt til om Theresa May får gjennom brexitavtalen sin, gjer at den britiske regjeringa trappar opp planane for brexit utan avtale.

Etter eit møte i den britiske regjeringa seier brexitminister Steve Barclay at sjølv om regjeringa framleis står bak Theresa Mays brexitavtale, må ho vere førebudd dersom avtalen ikkje går gjennom i Parlamentet.

- Vi må innsjå at med 14 veker igjen, må ei ansvarleg regjering førebu seg på den eventualiteten at dette kan ende utan avtale, seier Barclay.

Forsvarsminister Gavin Williamson opplyser at rundt 3.500 militære står klare til å tre støttande til dersom ein ikkje-avtale vil føre til at det oppstår uro.

Underhuset skulle ha stemt over brexitavtalen 11. desember, men avstemminga vart utsett i ellevte time då May innsåg at ho ikkje ville få fleirtal for den. Måndag opplyste statsministeren at det blir ny avstemming i veke tre neste år.

Storbritannia forlèt EU 29. mars neste år.

(©NPK)

Theresa May orienterte om brexitutviklinga i Underhuset måndag. Tysdag drøfta regjeringa kva som skal skje dersom det endar utan avtale. Foto: Jessica Taylor/ AP / NTB scanpix.