Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
MC-klubben Satudarah blir forboden i Noreg. Det har Høgsterett bestemt i ei ny avgjerd.
Publisert: 09.10.2024 kl 11:58
Høgsterett legg til grunn at medlemmene i Satudarah fleire gonger har gjort seg skuldig i alvorlege lovbrot mot nokon sitt liv, helse og fridom, og at denne kriminaliteten er eigna til å framkalle frykt i befolkninga eller i eit nærmiljø.
– Eit forbod er derfor nødvendig for å førebyggje alvorleg kriminalitet, skriv Høgsterett i ei pressemelding.
Høgsterett viser til at sjølv om klubben omtaler seg som ein MC-klubb, verkar MC-interessa som underordna. Det er til dømes ikkje eit vilkår at deltakarar har motorsykkel.
Det blir også peika på at dei to norske avdelingane i Stavanger og Oslo må vurderast som éi samanslutning, som igjen er ein del av éi internasjonal samanslutning.
– Det kan derfor leggjast vekt på kriminalitet gjort i utlandet av utanlandske medlemmer når fryktvilkåret blir vurdert, skriv Høgsterett.
Satudarah MC er frå før forboden i Tyskland og i Nederland.
Statsadvokaten og politiet bad i 2023 om at retten skulle forby Satudarah MC fordi dei vart rekna som ei kriminell samanslutning. Tingretten tok ikkje kravet til følgje, men dette vart anka til lagmannsretten som forbaud klubben. No har Høgsterett komme til same resultat.
Høgsterett har avgjort at MC-klubben Satudarah blir forboden i Noreg. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.