Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Speaker Kevin McCarthy i Representanthuset seier at Kongressen må etterforske president Joe Biden etter funn av hemmelegstempla dokument ved bustaden hans i Delaware.
Publisert: 12.01.2023 kl 17:46
– Kongressen må etterforske dette, seier McCarthy, som er republikanar.
Han peika vidare på at justisdepartementet etterforskar ekspresident Donald Trump for å ha teke med seg meir enn 100 hemmelegstempla dokument til bustaden sin i Florida då han forlét Det kvite hus.
Det vart måndag kjend at det vart funne hemmelegstempla dokument frå Bidens tid som visepresident ved eit kontor han disponerte hos ei tankesmie i Washington etter han forlét Det kvite hus.
Torsdag stadfesta Det kvite hus at det var funne slike dokument også ved bustaden til Biden i Wilmington i Delaware.
(©NPK)
Kongressen må opne etterforsking av president Joe Biden etter to funn av hemmelegstempla dokument frå tida hans som visepresident, seier speaker Kevin McCarthy i Representanthuset. Foto: Patrick Semansky / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.