Annonse

Media: PSG-eigaren sikta for korrupsjon i samband med VM-rettar

Det mektige medie- og fotballtoppen Nasser al-Khelaifi er sikta for å ha prøvd å mute til seg friidretts-VM i 2017 og 2019, melder franske medium.

Al-Khelaifi, som kjem frå Qatar, skal ha godkjent ei betaling på 3,5 millionar dollar, som svarer til 30 millionar kroner, til den tidlegare presidenten i Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF), Lamine Diack.

Målet skal ha vore å sikre Qatar friidretts-VM i 2017, ifølgje avisa Le Parisien. Til den same avisa hevdar al-Khelaifis advokat, Francis Szpiner, at opplysningane ikkje stemmer.

London vart som kjent tildelt friidretts-VM i 2017, medan Qatars hovudstad Doha skal arrangere meisterskapet i år. Ifølgje nyheitsbyrået AFP er al-Khelaifi òg sikta for korrupsjon i samband med tildelinga av 2019-VM.

Nasser al-Khelaifi er styreleiar i både sportsrettsselskapet bein Media Group og investeringsselskapet Qatar Sports Investment. Mest kjent er han likevel som styreleiar og administrerande direktør i den franske fotballklubben Paris Saint-Germain.

(©NPK)