Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Norsk Redaktørforening (NR), Norsk Journalistlag (NJ) og Norsk Presseforbund (NP) vil hjelpe den amerikanske varslaren Edward Snowden i hans sak mot den norske staten.
npk@npk.no
Publisert: 23.05.2016 kl 14:16
Sist oppdatert: 23.05.2016 kl 16:07
– Grunnen til at vi har gjort dette er fordi vi meiner materialet Snowden har bringa vidare har så stor verdi og fell under arbeidet vi arbeider for. Vi håpar at vi kan bidra til at Snowden kan kome til Noreg for å ta imot ein pris for sitt arbeid, seier Kjersti Løken Stavrum, generalsekretær i Norsk Presseforbund.
Ho seier Snowden-saken har vist at varsling om internasjonale forhold òg gjeld Noreg og norsk journalistikk.
– Han valde ut ein seriøs nyheitsredaksjon, med ein ansvarleg redaktør, som han visste kunne handtere materialet på ein god måte, og slik at han ikkje avslørte meir enn det han meinte var naudsynt, seier Jensen, som òg sa at det både nasjonalt og internasjonalt vert jobba det med å styrke varslarvernet.
– Varslarane sin status og tyding har fått anerkjenning frå FN-organ og nedover til norske kommunestyre. Og da må vi kunne vise til at vi faktisk klarar å handtere ein varslar når vi ser ein, seier Jensen.
– Mange varslarar er anonyme kjelder for journalistar. Når vi no blir partshjelparar ser vi dette som ein naturleg del av arbeidet for betre varslarvern internasjonalt, seier leiar for Norsk Journalistlag, Thomas Spence.
Ytringsfridomsorganisasjonen Norsk PEN har tildelt Snowden Ossietzky-prisen for 2016 og vil at han skal kome til Noreg under prisutdelinga i november.
For å unngå å bli arrestert og utlevert til USA ønskjer Snowden difor å få fastslått rettsleg på førehand at Noreg ikkje kan utlevere han. Difor blei det i april teken ut stemning mot staten ved Justisdepartementet.
Onsdag førre veke blei det kjent at staten ved Regjeringsadvokaten bad Oslo tingrett avvise søksmålet frå Snowden.
Staten grunngjev sitt syn med at spørsmål om utlevering ikkje høyrer heime i sivile saker, men bør prøvast rettsleg etter dei standardar som er for straffesaker. Det vil først kunne bli aktuelt om det kjem ei utleveringsoppmoding mot Snowden, noko staten hevdar at enno ikkje har skjedd. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.