Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Den engelske fotballegenda Frank Lampard skal ha fått sparken som manager i Everton etter svake resultat.
Publisert: 23.01.2023 kl 16:41
Både Daily Mail og Sky Sports hevdar å kjenne til avgjerda som skal ha vorte teken måndag.
Lampard har hatt ansvaret for Everton sidan 31. januar i fjor, men engelskmannen har ikkje klart å få sving på det blåkledde maskineriet.
Everton ligg på 19.-plass i Premier League med berre 15 poeng etter 20 serierundar. Liverpool-klubben står med åtte strake kampar utan siger i ligaen. Laurdag vart det 1–2 heime mot Brighton.
Lampard debuterte som trenar i Derby i 2018, der han oppnådde stor suksess. Sesongen etter tok han over roret i Chelsea, der det langt frå vart noka eventyrhistorie.
Klubblegenda fekk ikkje eingong fullføre to heile sesongar i sjefsstolen på Stamford Bridge.
Vel eit år seinare var han tilbake i manesjen då han tok over etter Rafael Benitez i Everton. Dei kongeblå låg då heilt nede på 16.-plass, fire poeng over Newcastle på nedrykksplass. Den tidlegare midtbanespelaren klarte likevel å berge plassen med eit nødskrik førre sesong.
Sidan Lampard tok over roret i Everton har klubben brukt over 800 millionar kroner fordelt på fem spelarsigneringar.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.