Klargjør siden...

Medium: Newcastle set overgangsrekord – samd med svensk spiss om kontrakt

Den svenske landslagsspissen Alexander Isak skal vere på veg til Newcastle. Han blir etter seiande det dyraste kjøpet til Premier League-klubben nokon gong.

Det var spanske El Diario Vasco, som følgjer Real Sociedad svært tett, som først omtalte forhandlingane og den trulege overgangen. Også velrenommerte The Athletic melder onsdag at opplysningane skal stemme, men at alle formalitetar ikkje er unnagjorde.

Ifølgje El Diario Vasco skal nyrike Newcastle ha gått med på å betale 70 millionar euro, tilsvarande rundt 680 millionar kroner, for Isak. I tillegg skal det i avtalen mellom klubbane liggje tilleggsutbetalingar på opp mot 50 millionar kroner.

Real Sociedad blir også meldt å ha sikra seg prosent dersom Isak på eit tidspunkt blir selt vidare frå Newcastle til ein annan klubb.

Avtalen skal vere den største Newcastle nokon gong har inngått.

I Premier League-klubben blir Isak lagkamerat med mellom anna landslagskollega Emil Krafth.

Den svenske spissen starta karrieren i den svenske hovudstadsklubben AIK. Allereie som 16-åring debuterte han på øvste nivå i svensk fotball. Sidan har han spelt for mellom anna Borussia Dortmund.

Isak står med ni mål på 37 landskampar for Sverige.

(©NPK)

Alexander Isak skal vere på veg til Premier League. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Annonse