Neymar mistar VM-kamp: – Ein av dei tøffaste augneblinkane i karrieren

Brasil-stjerna Neymar mistar neste VM-kamp mot Sveits i fotball-VM som følgje av skaden han pådrog seg i opningskampen mot Serbia torsdag.

Det stadfesta laglege Rodrigo Lasmar fredag.

Globo skriv at PSG-vingen ikkje blir å sjå i resten av puljespelet, men landslagslege Lasmar seier at det så langt er kampen mot Sveits han mistar. Også høgreback Danilo går glipp av Sveits-kampen.

– Vi vil ikkje ha desse spelarane tilgjengelege for neste kamp, men dei vil halde fram behandlinga for å bli klare til resten av turneringa, seier Lasmar i ei videomelding.

Neymar har sidan publisert ei melding på Instagram, der han omtaler skaden som «eit av dei tøffaste augeblikka» i karrieren hans. Neymar vart også skadd i 2014-VM. Då mista han dei to siste kampane til laget.

– Dagen i dag har vore ein av dei tøffaste augneblinkane i karrieren min. Igjen skjer det i ein verdsmeisterskap. Det kjem til å gjere vondt, men eg er sikker på at eg vil komme tilbake og skal gjere mitt beste for å hjelpe laget, skriv Neymar.

Neymar vart bytt ut etter 80 minutt og hadde tydelege smerter. Brasilianske medium melde at Neymar gret på innbytarbenken.

Bilete viste ein markant hevelse i den høgre ankelen.

Brasil vann 2–0 over Serbia og møte også Kamerun i puljespelet. Søramerikanarane er sett på som ein av favorittane til å vinne meisterskapen i Qatar.

(©NPK)

Neymar mistar resten av gruppespelet for Brasil etter at han pådrog seg ein ankelskade. Foto: Laurent Gillieron / Keystone via AP / NTB

Annonse