Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Fredrik Aursnes og Joshua King er tilbake i Noregs startellevar mot Slovenia, medan Andreas Hanche-Olsen kjem inn for Stefan Strandberg, skriv TV 2 og VG.
andreas.jakobsen@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 09.06.2022 kl 13:11
Dei to media får opplyst at landslagssjef Ståle Solbakken gjer éi endring i kvar lagdel. King og Aursnes starta også mot Serbia (1-0) for ei veke sidan, medan Hanche-Olsen startar sin første kamp i samlinga.
Ut av laget går Alexander Sørloth (for King) og Morten Thorsby (for Aursnes). Det gir denne startellevaren i 4-3-3 mot Slovenia i kveld, ifølgje TV 2 og VG:
Ørjan Nyland – Marcus Holmgren Pedersen, Andreas Hanche-Olsen, Leo Østigård, Birger Meling – Martin Ødegaard, Fredrik Aursnes, Sander Berge – Mohamed Elyounoussi, Erling Braut Haaland, Joshua King.
Begge media skriv også at Mathias Normann ikkje er med i troppen til kampen som startar klokka 20.45.
(©NPK)
Joshua King er visstnok attende i Noregs startoppstilling mot Slovenia. Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.