Klargjør siden...
Annonse

Strandberg med comeback i Vålerenga: – Heim for å kjempe i toppen

Landslagsstoppar Stefan Strandberg returnerer til Noreg og skal spele for Vålerenga. Han seier han er stolt over å vere tilbake i klubben.

Det vart stadfesta på ein pressekonferanse tysdag der Strandberg vart presentert. Midtstopparen har spelt i utlandet i lang tid før han returnerer til Eliteserien og Vålerenga.

Kontrakten går i utgangspunktet til etter 2024-sesongen, men begge partar har håp om eit lengre samarbeid.

– Det kjennest bra og er stort for meg. Oslo er heime for meg. Prosjektet i Vålerenga triggar meg. Det er ekstremt mykje talent og ferdigheit i spelargruppa. Eg har komme heim for å kjempe i toppen med Vålerenga, sa Strandberg under ein presentasjon i Oslo.

Han la til at han hadde mange spennande tilbod i sommar. Han siktar mot å halde på posisjonen som nøkkelmann for Noreg.

– Landslaget betyr svært mykje for meg, sa Strandberg.

– I dag er vi stolte. Det er ikkje ofte ein norsk klubb kan signere ein spelar som er ein berebjelke på det norske landslaget, sa VIFs sportssjef Joachim Jönsson.

Prosessen starta i april.

Erfaren

Tidlegare på dagen kunne både TV 2, Nettavisen og VG melde at midtstopparen igjen skal kle seg i kongeblått.

Strandberg var sist i Serie A med Salernitana før kontrakten hans gjekk ut etter sist sesong.

32-åringen har brei erfaring og kan skilte med 27 landskampar. Han har vore eit klart førsteval på stopparplass etter at Ståle Solbakken tok over som landslagssjef. Førre veke uttalte Solbakken til NTB at klokka tikka for Strandberg til å finne seg ein ny klubb.

Opptur

Framover skal han spele for eit Vålerenga som i det siste har fått ein opptur etter ein tung sesongstart. Dei kongeblå står med fire strake sigrar og ligg på 6.-plass i serien. Stopparen vil styrkje eit Vålerenga i medvind i midtforsvaret.

I 5-2-sigeren over Jerv sist spelte midtbanemann Fredrik Oldrup Jensen stoppar ved sida av kaptein Jonatan Tollås Nation.

Russiske klubbar

Strandberg vart i 2015 selt frå Rosenborg til russiske Krasnodar. Der var han innom Ural før han gjekk til italienske Trapani etter utløpet av kontrakten. Deretter vart han send tilbake til Ural før han gjekk til Salernitana i juli i fjor.

Strandberg har ikkje spelt ein klubbkamp sidan 7. november i fjor mot Lazio. Kontrakten hans med den italienske klubben kunne ha vorte forlengd med éin sesong, men Strandberg vart plassert på benken på vårparten.

(©NPK)

Stefan Strandberg er klar for Vålerenga.
Foto: Lise Åserud / NTB

Stefan Strandberg gjer retur i Vålerenga-drakta. Her under derbyet mot Lillestrøm i 2011.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Annonse