Annonse

Mehl: – Vi vil stengje grensa mot Russland raskt om det skulle bli nødvendig

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) seiar regjeringa er førebudd på å stengje grensa mot Russland raskt dersom det skulle bli nødvendig.

– Vi vil stengje grensa raskt om det skulle bli nødvendig, og endringar kan komme på kort varsel, seier justisministeren i ei pressemelding.

Ho seier likevel at det har vore få innkomstar til Noreg samanlikna med Finland.

– Storskog er vår einaste grensestasjon mot Russland. Vi har tett dialog med politiet og tollvesenet om utviklinga på grensa og kontrollerer alle som kjem nøye, seier Mehl.

Regjeringa har frå tidlegare stramma inn praksis knytt til visum for russarar, og det blir i hovudsak ikkje innvilga turistvisum for russarar etter dette.

Vurderer å gjere som Finland

Over 17.000 russarar kom over grensa frå Russland til Finland førre helg. Landet har vedteke å stengje grensene for russiske statsborgarar med innreisevisum frå og med fredag.

Mehl seier regjeringa er klar til å gjennomføre tilsvarande innstramming som Finland har gjort, men seier ho vil vente på ei eventuell iverksetjing.

Då NTB var på grensa ved Storskog fredag formiddag, kom det ein jamn straum av russiske bilar og minibussar. Inntrykket var likevel at det var litt mindre trafikk enn tidlegare i veka, då det kom over 400 russarar kvar dag.

Det er dermed førebels usikkert kva effekt Finlands grensestenging vil ha på trafikken inn til Noreg, som no blir det einaste av Schengen-landa med open grense mot Russland.

Aukar beredskapen

Mobiliseringa i Russland og meldingane om ein mogleg utreisenekt for russiske borgarar aukar ifølgje regjeringa risikoen for ulovleg grensepassering utanfor grenseovergangen på Storskog.

Som følgje av dette opplyser Mehl at regjeringa også styrkjer beredskapen og kontrollen ved den norsk-russiske grensa.

Frå og med fredag blir eit politihelikopter med sensorar stasjonert i Finnmark politidistrikt for å auke beredskapen. Dette skal auke kapasiteten til å avdekkje eventuelle ulovlege grensepasseringar.

– Politiet har god kontroll på Storskog, og no blir nærværet styrkt i grenseområdet også utanfor grensestasjonen. Politihelikopteret er eit nyttig verktøy for å følgje med på grenseområdet frå norsk side, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Grensa til Russland er på 198 kilometer, og ligg i stor grad i Pasvikelven.

Den norsk-russiske grenseovergangen mellom Russland og Noreg ved Storskog i Finnmark fredag formiddag. Foto: Lise Åserud / NTB

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) seier regjeringa er klar for å stengje grensa mot Russland dersom det blir nødvendig. Foto: Javad Parsa / NTB