Annonse
Annonse
Annonse

Meir enn 13.000 vart nekta å stemme i England som følgje av ny ID-lov

Meir enn 13.000 personar vart nekta å delta i det nylege lokalvalet i Storbritannia som følgje nye krav til ID, viser ei undersøking gjort av Reuters.

Annonse

Den nye lova, som vart teken i bruk for første gong under lokalvalet tidlegare i mai, krev at dei som skal stemme viser fram legitimasjon med bilete. Regjeringa hevdar at tiltaket er for å hindre valfusk.

Reuters' funn viser at 33.509 personar vart nekta å stemme på grunn av manglande legitimasjon. Av desse kom over 20.000 seinare tilbake med rett ID, medan 13.085 ikkje gjorde det.

Nyheitsbyrået har samla inn data frå 202 av dei 230 valkrinsane i England, så talet som vart nekta å stemme kan vere høgare. Av dei 20 valkrinsane som avviste flest veljarar, var 15 av dei blant dei mest fattigdomsprega områda i landet.

Regjeringa har hausta mykje kritikk for å innføre ID-kravet, mellom anna fordi valfusk ikkje har vore eit utprega problem i Storbritannia.

(©NPK)