Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Rundt 5,6 millionar offentleg tilsette i Frankrike, drosjesjåførar, flygeleiarar og lærarar, streikar tysdag i protest mot lågare kjøpekraft.
npk@npk.no
Publisert: 26.01.2016 kl 10:49
Fransk fjernsyn viser bilete av trafikkaos, brennande bildekk og vegsperringar. Frankrikes svar på norske Avinor, DGAC, oppfordra i forkant av streiken alle flyselskap til å innstille éin femdel av sine flygingar som eit førebyggjande tiltak, fordi franske flygeleiarar er i streik.
Av seks flygingar frå Oslo til Paris og like mange i motsett renting, er éi SAS-flyging og éi Air France-flyging innstilt i begge retningar.
For dei som kjem seg med på resten av flygingane, kan det bli vanskeleg å få tak i drosje. Det er drosjestreik ved Charles de Gaulle- og Orly-flyplassane i Paris, og gå-sakte-aksjon blant drosjesjåførar i Toulouse, Marseille og Bordeaux. Fransk politi har i samband med drosjestreiken i morgontimane tysdag arrestert 20 personar for dekkbrenning og slåsting, melder France 24.
Drosjesjåførane protesterer mot det dei meiner er urettferdig konkurranse frå private selskap som den nettbaserte Uber-tenesta. Flygeleiarane streikar på si side som følgje av uro for kutt i lønn og talet på stillingar. Dei meiner foreslåtte endringar i lønnsnivået vil føre til lågare kjøpekraft.
Offentleg tilsette, bønder, barnehage- og grunnskuletilsette streikar også, med krav om høgare lønn for å unngå tap av kjøpekraft. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.