Meir enn 70 døydde etter monsunregn i India

Minst 72 personar har mista livet i Himalaya-regionen nord i India etter fleire dagar med tunge regnbyer, opplyser indiske styresmakter.

I delstaten Himachal Pradesh kjempar hjelpearbeidarar med å redde menneske som har vorte ramma av jordskred og flaum. Vegar er raserte, og heile bygningar har vorte tekne med av vassmassane.

Indias meteorologiske institutt reknar med at regnet kjem til å halde fram dei neste dagane og har sett delstaten i høgaste farenivå. Hundrevis av vegar er sperra, og i delstatshovudstaden Shimla er skular tvinga til å halde stengt.

Ifølgje delstatsstyresmaktene er meir enn 2000 personar redda ved hjelp av helikopter og motorbåtar, og det vil ta fleire år å byggje opp att infrastrukturen som er ramma.

(©NPK)

Redningsmannskaper hjelper et spedbarn i den flomrammede delstaten Himachal Pradesh. Flere dager med monsunregn i India har krevd over 70 menneskeliv. Foto: National Disaster Response Force via AP / NTB

Annonse