Annonse

Meir optimisme blant arbeidsgjevarane i sommar

(NPK-NTB): Sju av ni arbeidsgjevarar fortel at dei vil oppbemanne dei neste månadane. Optimismen er stor i byggjebransjen, viser ManpowerGroups arbeidsmarknadsbarometer.

Arbeidsgjevarane planlegg ei beskjeden oppbemanning i sommarmånadane. I sju av ni bransjar seier arbeidsgjevarar at dei skal oppbemanne det neste kvartalet. Arbeidsgjevarane som deltok i undersøkinga forventa ein sesongjustert bemanningsauke på tre prosent, viser arbeidsmarknadsbarometeret.

Arbeidsgjevarar innan jordbruk skogbruk, jakt og fiske og bygg og anlegg ser spesielt positivt på neste kvartal. Sistnemnde gruppe arbeidsgjevarar forventar ein netto bemanningsauke på 12 prosent.

– Dette er gode nyheiter for bygg- og anleggsbransjen. Vi forventar auka etterspørsel etter arbeidskraft til denne bransjen, blant anna på grunn av prosjekt innan infrastruktur og bustadbygging, seier Maalfrid Brath, konsernsjef i ManpowerGroup i ei pressemelding. (©NPK)

Annonse