Rørt Federer hylla i Wimbledon

Roger Federer (41) viste at han framleis er kongen av Wimbledon. Tysdag fekk tennispensjonisten ståande applaus tilbake på staden der han har vorte ei legende.

Federer har vunne Wimbledon-turneringa åtte gonger. Centercourten gav sveitsaren ein lang ståande applaus og jubel då han entra den kongelege avdelinga på tribunen.

Federer, som nyleg var på scena med Coldplay i Zürich i helga, var tydeleg prega før han fann setet sitt ved sida av prinsesse Kate.

Federer la opp med 20 Grand Slam-titlar. Han vann trofeet i Wimbledon for første gong i 2003 og tok rekorden med åtte i 2017.

Den første kampen på centercourten var mellom Jelena Rybakina og Shelby Rogers.

Wimbledon-turneringa har elles fått ein skeiv start på grunn av regn. Det er andre dag på rad spelet har vorte stoppa i Grand Slam-turneringa i London.

Arrangøren har opplyst at spelet på dei opne banane ikkje vil starte igjen før tidlegast klokka 15. Ein time etter kampane kom i gang tysdag, vart teppa lagde over graset. Det er varsla regn store delar av ettermiddagen òg.

Verdseinar Carlos Alcaraz kom godt i gang med kampen sin på bane 1 mot Jeremy Chardy. På under ein time leidde han 2-0 i sett. Den kampen blir spelt under tak. Det er bane 1 og centercourten i storturneringa som tilbyr dette.

Under den første dagen vart det også køkaos. Strengare tryggingstiltak gjorde at enkelte besøkjande måtte stå i kø i opp mot ti timar.

Årsaka skal mellom anna ha vore at arrangøren har jobba for å stoppe eventuelle protestar frå ei klimaaktivistgruppe. Turneringa har beklaga forseinkingane.

(©NPK)

Roger Federer og kona Miirka fekk plass i den kongelege boksen saman med prinsesse Kate. Foto: Alberto Pezzali / AP / NTB

Prinsesse Kate er i tilsynelatande godt humør under paraplyen under kampen mellom Katie Boulter og Daria Saville. Prinsessa var på kampen med tidlegare spelar Debbie Jevans. Foto: Zac Goodwin / AP / NTB

Prinsesse Kate flankert av dei tidlegare spelarane Debbie Jevans (venstre) og Laura Robson på dag to av Wimbledon-turneringa. Foto: Hannah Mckay / AP / NTB

Annonse